Lag egne Berger-tabeller og skriv ut her
-
Generelt
Berger er rekna som det mest rettferdige turneringssystemet etter som alle møter alle i løpet av turneringa. Men dette føreset at talet på deltakarar er avgrensa.Fordelen ved systemet er at når ein spelar har fått tildelt startnummer, vil det vere bestemt kven han skal møte og kva farge han skal ha i kvar enkelt runde. Dette vil kunne lesast ut av dei internasjonale rundetabellane for Berger-turneringar som du finn under punkt 6 her.
-
Loddtrekning
eller tildeling av startnummer skal helst skje offentleg slik at deltakarane kan vere til stades og kontrollere at alt går rett for seg. Det er alltid slik at dei som får startnummer på øvste halvdel av tabellen (startnr. med lågast tallverdi) vil få eitt parti meir med kvit enn med svart, og omvendt for nedste halvdel, noko mange legg stor vekt på.Gå fram slik: Dei aktuelle startnummer, f.eks. 1 til 10, blir skrivne på 10 lappar og lagt i ein hatt. Deltakarane kan så i alfabetisk rekkefølgje trekke sitt startnummer. Er talet på dei som skal delta eit oddetal, skal det høgste startnummer vere ledig, slik at den som skal møte dette vil få wo (walk over).Det er viktig at den som styrer loddtrekninga ikkje bestemmer når ein bestemt spelar skal trekke, fordi han da kan favorisere eller diskriminere vedkomande ved å la han trekke på eit tidspunkt da sjansen for å få eit (u)gunstig startnummer er over eller under 50%. Rekkefølgja må derfor enten vere tilfeldig (loddtrekning ved at deltakarnamna blir trekt frå ein hatt og startnummera frå ein annan), eller fastlagd på førehand (alfabetisk er mest praktisk).
-
Når ein spelar må trekke seg
frå ei Berger-turnering gjeld følgjande reglar:
- Har han spela under halvparten av partia, skal han nullast ut slik at ingen av partia hans blir tellande på resultatlista. (NB! Men hugs at om turneringa skal Elo-ratast, skal alle spela parti rapporterast til Elo-komiteen.)
- Har han påbegynt halvparten av partia eller meir, skal spela parti reknast med, og dei som skulle møtt han i seinare runder får 1 poeng på wo.
-
Berger-kvalitet
Når to eller fleire spelarar har oppnådd like mange poeng i ei turnering, brukar vi Sonnenborn-Berger system for å skille dei på premielista. Etter dette blir Berger-kvaliteten rekna ut slik: Summer poenga til dei som spelaren har slått, pluss halvparten av poenga til dei han har spela remis mot (og altså ingenting frå dei han har tapt for). Summeringsresultatet blir da spelaren sine kvalitetspoeng, og av dei som har like mange partipoeng i turneringa, vil den som har flest kvalitetspoeng kome øvst på premielista. Er også kvalitetspoenga like, avgjer innbyrdes oppgjer. Er dette remis kan loddtrekning brukast.Logikken bak Sonnenborn-Berger er at ein løner ein spelar som har tatt poeng frå dei som har gjort det godt i turneringa, framfor ein som har tatt sine poeng mot dei som har gjort det dårleg.Er det pengepremier i turneringa, er det vanleg at desse blir delt mellom dei som har like mange poeng. Ein må altså merke seg at kvalitetspoenga ikkje blir brukt her. Heller ikkje er det vanleg med stikkamp om pengepremiar.
-
Stikkamp
Er førsteplassen delt og det gjeld ein tittel (klubbmeister, osv.) eller opprykk/nedrykk til høgare/lågare klasse, er stikkamp det mest rettferdige.Ein stikkamp mellom to skal gå over eit likt tal parti (2, 4, osv.) slik at fargefordelinga blir lik. Før første parti skal det vere loddtrekning om fargen som deretter skal alternere. Endar stikkampen uavgjort, kan ein enten la kvalitet og deretter innbyrdes oppgjer telle, eller ein kan etter ny loddtrekning om farge, spele eitt og eitt parti med alternerande farge, og la første vinst vere avgjerande.Ein stikkamp mellom fleir enn to skal spelast som ei Bergerturnering med dei det gjeld som deltakarar. Mest rettferdig er at turneringa er dobbeltrundig, slik at fargfordelinga blir lik.Reglar for stikkamp bør vere fastsett før ei turnering startar. Er ikkje dette gjort, kan dei fastsetjast av styret, turneringsleiaren, eller av Norges Sjakkforbund, helst i samråd med dei det gjeld.
-
Dei internasjonale rundetabellane
Startnummer til den som står først skal spele kvit. Altså: 1 : 4 = startnummer 1 skal ha kvit mot startnummer 4. Er talet på deltakarar eit oddetal, skal høgste startnummer (størst talverdi) vere ledig.
Turnering: | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Start nr. | Dato: | ||||||||
Runde: | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | Poeng | Kvalitet | Premie | |
1 | 6 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||||
2 | 5 | 1 | 6 | 3 | 4 | ||||
3 | 4 | 5 | 1 | 2 | 6 | ||||
4 | 3 | 6 | 5 | 1 | 2 | ||||
5 | 2 | 3 | 4 | 6 | 1 | ||||
6 | 1 | 4 | 2 | 5 | 3 | ||||
Spilleren som har sitt nummer til ventre i ruten skal spille hvit. I første runde har spilleren med startnummer 1 hvit mot spilleren med startnummer 10. |